Fleire seier nei

IKKJE OVERRASKA OVER NEI: – Men fleirtalet er større enn eg hadde trudd, seier Marit Tingelstad, leiar for Hamar bispedømeråd. Foto: Kirken.no Av Vilhelm Viksøy – Eit fleirtal på fem av sju i bispedømmerådet seier nei til regjeringa sitt forslag, opplyser leiaren i Hamar bispedømmeråd, Marit Tingelstad, til Vårt Land. Hamar er deltTingelstad er ikkje […]

 Marit Tingelstad
IKKJE OVERRASKA OVER NEI: – Men fleirtalet er større enn eg hadde trudd, seier Marit Tingelstad, leiar for Hamar bispedømeråd. Foto: Kirken.no

Av Vilhelm Viksøy

– Eit fleirtal på fem av sju i bispedømmerådet seier nei til regjeringa sitt forslag, opplyser leiaren i Hamar bispedømmeråd, Marit Tingelstad, til Vårt Land.

Hamar er delt
Tingelstad er ikkje overraska over at et fleirtalet seier nei.
– Men fleirtalet er større enn eg hadde trudd, seier Tingelstad, som stadfestar at biskop Solveig Fiske er blant mindretalet på to i rådets avstemming.
– I denne saken er det ulike oppfatningar i regjeringspartia, og politikarane kan ikkje bli overraska over at det i det folkekyrkjelege Hamar bispedøme er betydeleg motstand mot forslaget til ekteskapslov, meiner Tingelstad.

Formuleringane frå Hamar vert no finpussa så den endelege teksten frå dei er ikkje klar, men høringssvaret vil innehalda både fleirtalets og mindretalets argumentasjon.

Avviser lova
Også Møre bispedømmeråd har tidlegare i veka avvist framlegget til ny lov. 

«Når ein les forslaget til ny lov, vert det fort tydeleg at departement og kyrkje forstår tilværet ut frå ulike ståstader», skriv bispedømerådet i sin høyringsuttale til utkastet om felles ekteskapslov. I følgje Dagen ber dei Stortinget avvise heile lovframlegget.

Medan bispedømerådet understrekar at det heterofile ekteskapet er Guds skaparordning, meiner ein høyringsnotatet «leier fram til at ekteskapet i moderne tid kan vere nemning på ulike samlivsformer, også homofilt samliv, og argumenterer for at det å meine noko anna, kan vere direkte diskriminerande, krenkjande av menneskeverd og menneskerettar nedfelte i konvensjonar. Møre bispedømeråd tek sterkt avstand frå ein slik argumentasjon»,

Sjølv om Bispedømerådet er delt i synet på partnarskapslova, er medlemene eintydig avvisande til ekteskapslova. Mellom anna vert det peika på at ei kjønnsnøytral ekteskapslov kan «auke forvirringa for unge menneske som skal finne sin kjønnsidentitet».

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.